Improvisatorisk kraftpakke

Team Hegdal. Foto: Vossa Jazz / Lars Finborud
Team Hegdal. Foto: Vossa Jazz / Lars Finborud

Tidleg i konserten meldte Eirik Hegdal at bandet hadde dårleg tid, for kvelden romma så mykje god musikk. Ingen er nok ueinige i det, men det er ikkje kvar dag at oppmøtte ved Café Stationen har hatt vondare for å forlate borda sine (utanom yrkessjåførar med middagsbongar) enn under denne kraftpakka fredag kveld.

Samspelet mellom saksofonistane Hegdal og Roligheten meldte kraftfullt til øyredøvande applaus gjennom heile konserten, og Ole Morten Vågan saman med Gard Nilssen viste grunnen til at dei har hatt hotellrom på Park Hotell under palmehelga fleire gonger enn dei fleste.

Over gruppa viste skilta at toget ikkje stoppa ved Upsete, men dei oppmøtte er nok einige om at dette toget ikkje trengte å stoppe i det heile tatt.

Del gjerne!