
Trøen/Arnesen Quartet: New Paintings of Jazz. foto: vossajazz/Runhild Heggem
I kø for kvartett
Jazzelskarar stod i kø utanfor Café Stationen fredag kveld for å få med seg Trøen/Arnesen Quartet. Saksofonist Elisabeth Lid Trøen leverte sitt fyrste tingingsverk “New Paintings of Jazz” med overtyding og overskot saman med Dag erf-Arnesen på piano, stødige Ole Marius Sandberg på bass, og lovande Sigurd Steinkopf på slagverk.
Solid samspel og iøyrefallande improvisasjonar var umogeleg å stå imot for festivalgjengarane ende med å stå spreidd langt utanfor lokalet med strekte halsar og spisse øyro. Dette var noko for alle som elskar jazz! Her var det berre ein ting å gjere: nyte.
9. april 2022
Les meir om:
Artikkel under: