I jazzens (dyre)rike

Oddjob inviterte til ei vitjing i dyreriket laurdag ettermiddag i Kulturhuset. Gjennom interaksjon med både born og vaksne i salen blei turen inn i Jazzoo av det humørfylte slaget.

På vitjing hjå dei uike dyra kunne me fylgje ei and gjennom ulike sinnstemningar, hysja på elefanten som var for bråkete eller hjelpe koalaen å hoppe like høgt som sin ven kenguruen.

Alt i alt ein flott avslutning på Badna Jazz laurdagen – me gler oss til siste konsert i morgon kl 13:00 i Festsalen på Park.