I hamn med Hoem og Hoem

Foto Runhild Heggem, Vossa Jazz-17

Edvard ser byrgt på dottera medan ho syng No stig vår song, ein salme skriven for, og elska av, Kong Harald. Det fjåge publikummet frydar seg med vare fiolinstrengar og sensuelle saksofonsoloar. Munnharpe, tverrfløyte og kontrabass listar seg gjennom høgtalarane som i ein eggjande kviskreleik. Edvard, som eit æveleg bursdagsbarn i Klangen av Hoem, les ankra om livet og døden og mild nattevind.

Me får ikkje gleda av to, men tre generasjonar Hoem på scena. I Ine sin mage vert ein ventande smårolling sulla i svevn med Sullabullyam. 

Ine si nakne, milde, mjuke røyst veks sutalaust til ein ljomande klokkerein klang. Med arrangement av Erlend Skomsvoll, og i selskap med gilde og skarpskodde musikarar, vert det ei sæl stund med sirleg klang susande frå scena. 

Del gjerne!