«I don’t need to talk, all I need to do is play»

Tony Allen, Foto: Vossa Jazz/Iver Finne

Bandet trådde på scena, og sist men absolutt ikkje minst kom Tony Allen vandrande inn, og det med god stil. Med ein gong skapte han liv og jubel med sin groovy’e haldning og tilbakelente karisma. Hamrande laus på trommesettet fann den aldrande afrobeatlegenden att ungdommen, gjennom musikken.

Allen og bandet spelte energisk og eksperimentell afrobeat og funk som kven som helst kan digga. Tempoet auka etter låt for låt i lag med beina og pulsen til publikum som dansa i veg. 76 år gammal, og Allen veit fortsatt korleis han får folk til å kome seg opp av stolen og ut på dansegolvet.

Brian Eno beskriv Tony Allen som ”perhaps the greatest drummer who has ever lived”, eg trur alle i publikum kan bekrefta denne påstanden om den elskverdige mannen etter denne livlige konserten.

Del gjerne!