Kjærleik i alle retningar

OSGOOD / SILVA / MAUPIN / ROBERTSON
Foto: Vossa Jazz / Iver R. Finne

«You’re a great octopus.» Med desse orda avrunda trommis Kresten Osgood laurdagens første konsert i Festsalen. Det var ei passande oppsummering av hans eksperimentelle show saman med Bennie Maupin, Alan Silva og Herb Robertson. Kvartetten spelte sin fyrste konsert saman, og gav publikum improvisasjon som strekte seg ut i mange ulike retningar. Med tonar og kroppsrytmikk utforska musikarane dei menneskelege kjenslene – både tungt mørkre, kaotisk forvirring og barnsleg humor.

Dei fire eksperimentalistane gjekk aldri av vegen for å bruke seg sjølv som del av sceneshowet. Det var direkte vakkert då Osgood tilsynelatande ofra alt for å presse fram litt lyd gjennom eit lite blåserør. Slikt kjenneteiknar ekte kjærleik til musikken. Om musikken strekte seg ut i dei lågmælte, melodiøse landskapa eller mot den eksperimentelle oppvisninga, var det dei store kjenslene for jazzen som kom til uttrykk i kjellaren på Park denne kvelden.

Del gjerne!