Hulder frå Voss med snert av standardjazz

odin_dronen-1-3-1

Som om ikkje dette var imponerande nok i seg sjølv var dagens konsert også hennar debut som bandleiar. Og for eit band! Elisabeth Lid Trøen på saksofon Eivind Austad på piano og Håkon Mjøset Johansen på trommer sette stemninga frå fyrste stund.

Førre og bassen hennar er eit musikalsk kapittel i seg sjølv. Førre sine fingrar kitlar og leikar seg over basshalsen. Stundom er det som om bassen lever sitt eige liv der han halsar avgarde og lirer ut av seg dei finaste tonar. Førre lokkar bassen attende med lokkande tonar med si heilt særprega røyst. Ho minnar mest om ei hulder der ho lokkar og forfører publikum med liflege tonar og lokkande røyst. Stemma er nesten mytisk sår og sterk på same tid. I kveld fekk publikum og med seg ei nykomponering av middelalderballada Bendik og Årolilja eit nydeleg lite stykke med rå bass og rå røyst. Signe

Førre er ung og definitivt lovande – det skal eg lova deg!

Del gjerne!