P Gundersen og The Last Hurrah(!!) byggjer bru mellom Vestkyst og Vestland med eit nyskrive verk for Vossa Jazz 2018: “Los Angeles”

Dei siste åra har den bergensbaserte stjerneprodusenten tilbrakt mykje tid i Los Angeles, noko som har resultert i fleire spanande samarbeid og inspirerande musikk med røter i amerikanske musikktradisjonar. Dette fekk vossajazzarar blant anna erfare i fjor under den flotte konserten med The Last Hurrah(!) og Maesa Pullman. Ho spelar ei viktig rolle i den nye bestillinga òg, saman med bassist Jason Hiller og orgelmeistaren John JT Thomas. Saman skal dei utforska den amerikanske musikkmagien som oppstår der jazz, blues, americana og soul-musikk møtast.

Dette seier Gundersen sjølv om verket:
«Poesien, sjelen, improvisasjonen, vokaltradisjonene, akkordene, grooven, den spirituelle dimensjonen og de dype røttene i alle elementene. Jeg har mannskap til å materialisere det dypeste jeg kan gå innen koblingen kunst og musikk. Maesa Pullman er i tillegg til å være et unikum av en formidler av tekst og melodi, en betydelig poet som treffer meg på et dypt plan. Musikken vil ta utgangspunkt i hennes poesi, som hverken har rim eller gjentagelser, noe som gir meg en fantastisk inspirerende utfordring.»

Hans Petter Gundersen – elgitar, pedal steel
Maesa Pullman – vokal, akustisk gitar
John JT Thomas – hammondorgel
Jason Hiller – bass
Helen Eriksen – saksofon
Kåre Sandvik – keyboards, piano
Henrik Paulsen – el-gitar
Bjørn Sæther – trommer
David C. Vogt – fiolin

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. Kjøp billettar her.