Ho veit så vel

Mariam Wallentin & Vestnorsk Jazzensemble (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Mariam Wallentin & Vestnorsk Jazzensemble (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Det må vere litt drama, nærast kviskra ho, då røykdykkarane frå Voss brannvesen hadde gjort seg ferdige og Mariam Wallentin endeleg kunne entre scena i Gamlekinoen denne gneistrande fredagskvelden. Med seg hadde ho eit stjernelag frå den vestnorske jazzmusikarhimmelen, både velkjente og mindre kjente. Saman skulle dei snart omsetje drama til rein, skøyr jazzmagi.

«Dekonstruert naiv doom-pop»? Konserten, som i utgangspunktet var eit bestillingsverk til fjorårets Sildajazz, lar seg ikkje utan vidare plassere – noko Wallentin nærast understreka i dei innleiande, både vokale og instrumentale variasjonane over tekstlinja «I don’t even know where…» Frå scena sveipte ho seg likevel sikkert, i leikent alvor og alvorleg leik med både politisk og eksistensielle undertonar; var dei sanning, var dei draum, var det liv eller berre straum?

Og de kan tru det eller ei, men om spørjeteikna aldri slutta å strøyme, etterlet dei ingen spørsmål. For var det ein ting vossajazzarane i Gamlekinoen fort vart sikre på, så var det at Mariam og dei jazza valentinane hennar inderleg vel visste kva dei dreiv med – og at dei kunne drive det i hamn.

Del gjerne!