(H)jul i garasjen

Årets Badnajolajazz samla born og vaksne til tøff garasjerock med Good Time Charlie- og kva skal ein med nisse når ein har ein god gamal SAAB i “garasjen”? Bandet spelte kjende og ukjende låtar i fengande innpakning; her var det både jolesongar og sjølvsagt kom hiten ”Nede på stasjonen” i GTC-stil. Ein flott konsert til stormande jubel frå store og små.