Hildo – verdspremière på Vossa Jazz

Foto Mathilde Anderdal

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. Kven passar vel betre til å lage eit nytt verk til ære for den sagnomsuste klokka enn to av våre aller mest klangfulle og sagnomsuste vossingar: Tore Brunborg og Berit Opheim!

HILDO er eit nytt samarbeid med Riksscenen med première på Vossa Jazz 2018. Den fantastiske gjengen kjente og kjære musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.

Tore Brunborg – saksofon
Berit Opheim –  vokal
Kåre Opheim – trommer og perkusjon
Steinar Raknes – kontrabass
Stein Urheim – ulike strengeinstrument

Gamlekinoen laurdag 24. mars kl. 20:00.

Kjøp billettar hjå TicketCo. Festivalpass og dagskort laurdag gjeld òg denne konserten.

Del gjerne!