HILDO på plate

Foto Per Finne

No kan du endeleg høyra HILDO når du vil, på Spotify eller CD. Sjekk ut!

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Denne fantastiske gjengen musikarar har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema.

HILDO starta som eit samarbeid med Riksscenen og hadde première på Vossa Jazz 2018 der dei mottok ståande ovasjonar frå både publikum og kritikarar. Seinare har HILDO vore på turné rundt om i landet.

Tore Brunborg – saksofon
Berit Opheim – vokal
Kåre Opheim – trommer og perkusjon
Steinar Raknes – kontrabass
Stein Urheim – ulike strengeinstrument

Utgjevinga har fått strålande omtale. Dagsavisen skriv m.a. «Noe av det fineste som er kommet ut på plate i høst» og Nils Kvamsdal i Hordaland gav plata full pott.

Del gjerne!