Hildo nominert til Kritikarprisen 2017/2018

Hildo, Foto Eirik Åsheim, Vossa Jazz

Hildo, som er bestilt av Vossa Jazz og Riksscenen, hadde première på årets festival. No er Hildo nominert til Kritikarprisen for musikk!

Grunngjeving:
Prosjektet «Hildo» er eit samarbeid mellom Berit Opheim og Tore Brunborg. Konserten inneheld slåtter, stev og ballader i ny drakt, og noken av arrangementa er små perler, m.a. «Finnesslottet» og «Eg vilde ikkje eg» (#metoo på 1700-talet). Særleg førstnemnde er eit skuleeksempel på korleis ein kan byggja opp intensitet utan å spela mange fleire tonar mykje sterkare. Samspelet mellom dei fire er fabelaktig avstemt, og det er ein fryd å høyra alle fire i fri utfalding. Berit Opheim formidlar gjennom songen sin ein personlegdom som fascinerer.

Lenke til omtale av konserten:
https://www.bt.no/kultur/i/8wvlWw/-Sangeren-er-en-sjarmbombe-av-dimensjoner

Del gjerne!