Hilde Marie Kjersem

– på Ringheim Kafé fredag 28. november!

Me tel ned til årets jolakalendar som kjem på www.vossajazz.no; tre dagar før fyrste luke vert opna kortar me ned ventetida med konsert med Hilde Marie Kjersem.

Hilde Marie Kjersem skriv musikk for folk som tenkjer i bobler. Musikken hennar er rar og klar og hennar eigne bobler er fylt med sterke lydar høgoppløyselege fargar og frodige metaforar. Kjersem nemner David Lynch Roger Rabbit Finn Graff Danny Elfman Robert Wyatt Josè Saramago Kate Bush og Tim Burton som nokre av inspirasjonskjeldene. Om musikken seier ho: ”Musikken min er ikke noe skjørt som jeg holder tett til meg som folk nesten skal engste seg for å ta fra meg. Nei jeg vil at de skal rappe det jeg gjør gjerne med et frekt flir. De må gjerne le gråte om det er viktig men likegyldige må de ikke være! Fy!”

Med seg har ho eit fantastisk band:
Peder Kjellsby- Trommer + ulike instrument
Sjur Miljeteig – Trompet + ulike instrument
Torbjörn Zetterberg – Bass + ulike instrument
Jørgen Munkeby – Ulike blåseinstrument + ulike instrument
Hilde Marie Kjersem spelar piano rhodes og syng

Konsertstart klokka 21:00. Pris: 100 kroner