Hilde Marie Kjersem til Vossa Jazz

hilde_marie_kjersem

Lurar du på kva ein av dei nye yndlingane i norsk musikkbransje driv med?

Det er lettare enn som så å skildra. Ålesundsjenta har hatt føtene bra planta i jazzverda med plater som «A killer for that ache» og som songar på Jon Eberson Group si siste plate «Comfort call».

No har ho teke steget vidare med eige selskap og utvida sjangerbegrep. Robert Wyatt Kate Bush og Tom Waits for noko av æra for dette og då skjønar me litt meir kva me har i vente. Den siste plata hennar «Let’s let go» viser at Kjersem har sansen for å plukka frå øvste hylle når ho vel medmusikantar med Jørgen Munkeby Jarle Bernhoft og Sjur Miljeteig blant dei som bidreg. Dette kan òg vera ein peikepinn på spennet ho framviser. Her er det duka for musikalske overraskingar på fulldekka bord!

Del gjerne!