Her budde ein gong eit barn

Liv Bernhoft Osa, Nationaltheatret.

Seim fyller 85 år til våren og den aldrande diktaren skal heidrast med ei framsyning i ord tonar og bilete. Med utgangspunkt i Seim si prosalyriske bok «Her budde ein gong eit barn» har Osa plukka ut tekstar. Men òg andre av hennar dikt vil verta framført. Tanken er at diktaren sjølv òg skal vera med og framføra nokre av tekstane.

Biletkunstnar Mari Slaattelid har illustrert «Her budde ein gong eit barn». Under framføringa vil bilete ho har laga verte brukt men andre enn dei frå boka.

Vidare skal stjernemusikarane Tore Brunborg og årets tingingsverk-komponist Mats Eilertsen vera med.

Det vert to framsyningar; sundag klokka 13:00 og 15:00 i Sævelid.

OBS! Gjester med festivalpass eller dagskort må ha plassbillett. Denne kan kjøpast på førehand hjå TicketCo. Få plassar!

 

Del gjerne!