Hekla Stålstrenga og Badnajazzkoret!

Gjennom 15 år har Hekla Stålstrenga opparbeidd seg et solid namn her til lands med si særeigne blanding av folkemusikk, viser og pop. Låtar som «Har du Fyr», «Folketonen», «Vise ved Vintersolkverv» og «Siste Sang» har for lengst gått inn i den norske visekanonen. Energi og leiken musikalitet blanda med humor, speleglede og svært kompetente musikantar – dette er suksessoppskrifta til Hekla Stålstrenga.

No har bandet for aller fyrste gong skrive ny Hekla-musikk for born, og dette blir det både konsertar og plate av. I utgangspunktet var dette eit bestillingsverk til Senja Barnefestival på Lysnes sommaren 2020, som diverre vart avlyst på grunn av pandemien. Heldigvis lever musikken vidare på Vossa Jazz saman med det strålande Badnajazzkoret. Songane tek oss med til «Skravla Gård», der må får møte finurlege karakterar som Sure Sjura, Flyndra Klaus og Feite Kveita Ellinor! Det vert besøk i oldemor sitt hus, båtbygging og snørydding òg.

Vossasalen, Park Hotel Vossevangen sundag 28. mars kl. 13.00.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Artikkel under:

Kategoriar

Arkiv