Heimeside Per Indrehus

Per Haldor Indrehus

Gjennom nesten 40 års verksemd som komponist arrangør utøvande musikar og pedagog sette Per H. Indrehus tydelege spor etter seg både lokalt og nasjonalt – han var ein høgt respektert og omtykt musikar i vide krinsar her i landet.

Per var oppteken av og er særleg kjend for evna si til å kryssa tradisjonelle skilleliner drivkrafta hans var at musikken er eit språk som er sams for oss alle. Såleis skapte han forståing for éin musikkarv på tvers av grenser og kulturar. Han var heile tida opptatt av at musikken skulle røre ved tilhøyrarane og vare melodilinjer og klangar er typiske for stilen hans.