Teikning: Marvin Hallelraker
Teikning: Marvin Hallelraker

Heim med Joni

I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I år tek Vossa Jazz den legendariske artisten heim til Vestlandet med ein stor hyllingskonsert!

Joni Mitchell laga ei rekke kvalitetshits i si nær 50 år lange karriere som plateartist, og dette er sjansen til å få høyra eit knippe i nynorsk språkdrakt.

Forfattarar som Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland har gjendikta nokre av Joni Mitchell sine aller finaste songar, og dei blir framførte av Stjernekamp-vinnar Bjørn Tomren, Annlaug Børsheim og Åse Britt Reme Jakobsen.

Mitchell, som har inspirert artistar verda over, kjem til å bli ståande som ei av dei store i moderne populærmusikk. Ho er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, og musikkmagasinet Rolling Stone kallar Mitchell “ein av dei største låtskrivarane nokonsinne”.

Musikken er sjangeroverskridande og hevar seg over merkelappar som pop, rock og visesong. På 1970-talet orienterte Mitchell seg også mot jazz, og ho har arbeidd tett med jazzartistar som Pat Metheny, Wayne Shorter, Jaco Pastorius, Herbie Hancock og Charles Mingus.

Heine Bugge – kapellmeister, trekkspel, vokal
Sigbjørn Apeland – tangentar, vokal
Halvor Folgerø – bass, vokal
Annlaug Børsheim – gitar, fele, vokal
Kåre Opheim – perkusjon, vokal
Sjur Folgerø – gitar
Bjørn Tomren – vokal
Åse Britt Reme Jakobsen – vokal

Avslutningskonsert på Vossa Jazz 2022: Vossasalen sundag 10. april kl. 19.00

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Artikkel under:

Arkiv