Heilag song

sacredconcert

Nain var fylt til randen då Duke Ellingtons Sacred Concert stod på programmet i to omgangar sundag ettermiddag. Musikarane skapte reine halleluja-stemninga og applausen ville ingen ende ta.
Arild B. Nielsen dirigerte ein mektig jazzkonsert med flotte tekstar vakre balladar og musikalsk trøkk framført av eit blanda kor på over 100 songarar og storband med ulike instrumentalsolistar. Medverkande var Hardanger Big Band Kvammakoret og Voss og omland kantori (VOK). Ingunn Marie Nielsen imponerte som sopransolist.
Sacred Concert er eit musikalsk meisterverk av Duke Ellington komponert til ein serie kyrkjekonsertar i USA på 1960-talet. Då «The Duke» skapte dette verket ynskte han å lage ein fusjon mellom kristen liturgi og jazz. Blandinga av storbandjazz og kyrkjekor var kontroversielt på den tida og fekk mykje merksemd. Ellington meinte sjølv at «Sacred Concert» var noko av det viktigaste han hadde skapt. Denne sundagen var det Voss som fekk ta del i magien.

Del gjerne!