Heidundrande hypnotisk Hoven Droven

hoven

Frå fyrste song hadde dei drevne svenske folkrockarane heile Pentagon i eit pulserande jarngrep som dei aldri veik vekk frå med ein millimeter. Knapt har ein sett ei gruppe med så smittande og sprudlande humør. Det var ei stemning som fekk heile lokalet til å syda og koka med dei eggande og suggererande tonane frå Hoven Droven. Dette er karar med røynsle som har spelt opp til dans i 22 år så dei kan sine ting til fingerspissane bokstaveleg tala. Dei fridde hemningslaust til publikum som gaula eit rungande utvetydig «ja!» attende. Ikkje nok med det fekk dei óg igang allsong frå eit samstemt publikum. Vossa Jazz får aldri nok av desse fantastiske svenskane.

Del gjerne!