Heidundrande generalsamling i Vossasalen!

Grand General varta opp med forrykande jazzrock i går natt! Med blekkspruttrommis Kenneth Kapstad på trommar fekk publikum som såg ut til å kose seg glugg i hel ein festaften i proghimmelen. Det var tett hardt presist overraskande ein konsert fullstendig blotta for kvileskjer. Som om dei hadde politiet i hælane kosta Grand General-toget inn i fredagsnatta (og hadde dei vortne hanka inn av politiet ville det i så fall vore for å spele for tøft).