Hedvig Røhnebæk vann Badnajazz-prisen 2016

Badnajazzprisen 2016 går til Hedvig Røhnebæk, leiar for Voss Skulemusikk.

Frå grunngjevinga til juryen:

Prisvinnaren får denne heideren for sitt arbeid med å leggja til rette og driva opplæring innan musikk. Det har gått mang ein time med møter og praktisk arbeid for å syta for gode kår for unge musikantar.

Uansett kor travelt det blir og stresset aukar rundt vedkomande, framstår prisvinnaren som ein person med ro og tolmod. Det er ikkje noko å stressa seg opp etter, ting ordnar seg. Og det gjer dei. Instrument kjem på plass, dirigent er i anmarsj, møter vert halde for å skapa festival, bussar vert bestilt og sjefen sjølv held ei roleg hand om det heile.

Dette, saman med evna til å ta godt imot små og store og gjera miljøet i skulemusikken til ein inkluderade plass der borna og ungdomen trivst og vert sett, gjer at det er ei glede for oss i Vossa Jazz å gje Badnajazz-prisen 2016 til Hedvig Røhnebek!