Me tjuvstartar opning av jolakalenderen vår og har den gleda å melde at Hedvig Mollestad Thomassen skriv det 38. Tingingsverket til Vossa Jazz!

Gitarvirtuosen frå Ålesund er kjend for tunge riff, ville løp og intelligente komposisjonar i skjæringspunktet mellom jazz, rock og samtidsmusikk. Med bandet Hedvig Mollestad Trio har ho spreidd halsbrekkande jazzrock frå eit utal scenekantar i Noreg og internasjonalt, og nett no har bandet sleppt sitt sjette album på sju år(!) på plateselskapet Rune Grammofon: «Smells Funny». I tillegg speler ho fast med artistar som Jarle Bernhoft og Hilde Marie Kjersem, og har samarbeid med mellom andre Jon Eberson Group og Trondheim Jazzorkester på cv’en.

Neste års Tingingsverk-komponist kan røpa at ho vil skriva både akustisk og elektrisk i dette verket. Ho vil få fram opne stemningar, men og bevega seg mot meir kokande, fresande parti. Mollestad Thomassen vil utfordra seg sjølv som komponist og bandleiar gjennom å søkje nye retningar og ta tak i dei «farlege» ideane – utfordra musikalske grenser. Komponisten har satt saman eit ensemble av utøvarar frå øvste hylle som alle vil tilføre noko viktig til musikken. Det er med andre ord berre å gleda seg til urframføringa i Vossasalen laurdag 13. april 2019 klokka 18:00.

  • – Å få lage Tingingsverk til Vossa Jazz er ein stor tillitserklæring, og ein fantastisk kjensle. Oppgåva har utløyst ein fandenivaldsk blanding av glede og gru i meg, som igjen har ført til eit ras av musikalske idear. Eg tek med meg desse kjenslene inn i musikken, som eg håper skal bli feit, groovy, rar, ultrafin, sprø og ikkje minst vere ei medrivande og engasjerande oppleving for publikum. Om det går an å kombinere presisjon og fokus med smil og lause og lave skuldrer, så går eg for det!

Eg vil lage musikk med ein breiare palett enn vanleg, og har difor valt eit svært utstrakt triouttrykk: ingen bassgitar, men med ein utvida tromme- og perkusjonssituasjon, doble keys og ein blås. For meg opnar dette for å gå opp nye vegar. Tanken om besetninga kom samtidig med ideen til musikken, og musikarane er ei god blanding av folk eg har jobba med tidlegare, som Marte, Jon og Torstein, og nokon eg aldri har spelt med før, som Susana og Ole. Tanken på å skulle gjere dette verket saman med dei er ein gigantisk dose inspirasjon i seg sjølv. 

Det er duka for eit verk som rommar både vare stemningar og fullt kok; med ein slik komponist og gitarvirtuos i front er det berre å gleda seg til palmehelga.

Medverkande:
Hedvig Mollestad Thomassen – gitar
Susana Santos Silva – trompet
Marte Eberson – tangentar
Jon Balke – tangentar
Ole Mofjell – perkusjon
Torstein Lofthus – trommer

Vossasalen, Park laurdag 13. april kl. 18.00.

Billettar i sal hjå TicketCo.

Kulturrådet