Harmonisk og subtil eleganse

Foto: Odin Drønen

Det er stor fare for at opptil fleire vart forelska i Julia Biel under konserten hennar i Festsalen laurdag kveld. Ho fylde heile lokalet med ei djup og inderlig røst, som til tider kjendes mjuk og hes samstundes. Saman med ho, var Saleem Raman på trommer og Idris Rahman på bass. Sistnemnde koret på nokon av songane. Stemmene deira smelta saman i ein sjelfull og håreisande harmoni.

Dei spelte låtar frå både fyrste og andre albumet hennar, blant anna Made me write a love song, Too scared to be alone, License to be cruel og Emily. Kjærleik er eit tema som går igjen, men med ei elegant og jordnær tilnærming, unngår ho at det vert for klisjéfullt og uoriginalt. Musikken i seg sjølv, er behageleg og nesten svevndyssande. Men det er sekvensar med noko heftigare tempo og intensitet. Med andre ord varierte komposisjonar. Det, i kombinasjon med hennar røst og uslåelege utstråling, gjer det vanskeleg og ikkje la seg røre.

Meir om Julia Biel her.

Del gjerne!