Hardinghiphop

folkrap_-_sigvor_mala-1

Dei rutinerte folkemusikarane Annlaug Børsheim og Ranveig Djønne drog igang (eit pratsamt) Pentagon med nyskrive materiale laurdag kveld. Publikum fekk oppleve nydelege melodiar og inderlege tekstar som me knapt kan venta på å få nedfelt i rillar og innlemma i platesamlinga. Deretter entra Tommy Tee og Son of Light scena med slagkraftig hiphop. I tredje akt oppstod det som vart den nye yndlingssjangeren til alle oppmøtte: Folkrap! Hardingfele toradar tunge hiphopbeats ein rappande Son of Light og Annlaug Børsheim som gjer seg hen til frekk R’n’B-vokal: dette er dynamitt om me skal ta eksplosjonen på dansegolvet i Pentagon som prov.

Del gjerne!