Hanguren jodle-bonanza

Dinglo og Danglo køyrde fulle laster opp til Hanguren laurdag ettermiddag. Noko betre setting for det som var i vente kunne ein ikkje fått – jodlinga frå PolkaBjørn fekk tankane til å klatra opp alpane i både Tyrol og Romsdalsalpane. Medspelar Kleine Heine trakterte trekkspel og kjeftament med like stort hell.

Det var i det heile ei utruleg minnerik oppleving med hakaslepp og latterristing tett i tett. Spår at denne konserten blir snakka om i lange tider!