Halvt slange, halvt menneske – heilt Hedvig!

Tingingsverket 2019 Hedvig Mollestad (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Frå Vossa Jazz 2019: Hedvig Mollestad

Viss Jimi Hendrix hadde besøkt Vangen i 2019, etter eit opphald på jazzlinja i himmelen, hadde han kanskje nådd Hedvig Mollestad til knea i kveld. Gitarvirtuosen entra storstovo på Voss som ho ofte gjer – i raudt – som ei paljettbestrødd jazzrose. Og så eigde ho. Vossasalen. Vangen. Kosmos.

Tittelen på Tingingsverket 2019 er Ekhidna, som òg er ein skapning frå gresk mytologi. Denne skapningen er halvt slange og halvt kvinne – altså alle monsters mor. Det var òg ei form for monstrøs urkraft og ikkje minst urlyd i denne urframføringa, som tok oss frå mjuke sumplandskap til taggete tindar. Og dei knivskarpt treffande overgangane, frå sump til høyland, frå slange til menneske – dei var det Hedvig og gitaren hennar som stod for.

Det er freistande å leite etter referansar i dette Tingingsverket. Det let stundom som Anja Garbarek, og stundom som far hennar, Jan Garbarek. Det let stundom som Jaga Jazzist og Motorpsycho på sitt beste, og stundom som Miles Davis og ja, Hendrix. Poenget er berre at det var ikkje nokon av dei. Det var Hedvig Mollestad – sjølvaste – og det var heilt.. heilt.. berre så… så sjukt, så inni hellane… berre… Det var føkkings feitt.

Del gjerne!