Hallo Verd! Hallo Voss!

Hello World frå NTNU, foto: Vossa Jazz/Symre Taugbøl Bang
Hello World frå NTNU, foto: Vossa Jazz/Symre Taugbøl Bang

Glimande sol ute, smilande studentsamspel inne. Kan det bli betre? Trondheimstudentane i «Hello World» sette jazzstandarden for festivalen fredag med to knallgode konsertar på Jazzklubben og Hangurstoppen. Slutten på deira noregsturné vart den perfekte starten på festivalhelga. Med deilig dynamikk, elektrisk energi og tankevekkande tekst var det ingen manglar. Det store ensemblet leverte rett og slett ein godt komponert konsert med smidig samspel samt opne solostrekk der framtidige jazzstjerner fekk skine!

Del gjerne!