Gruppe 66 kunstnar jazzen inn

plakkat

Det legendariske kunstkollektivet “Gruppe 66” som rysta den norske kunstverda på slutten av sekstitallet er igjen samla. Dei mange oppmøtte fekk erfara at Laurie Grundt Oddvar Torsheim og resten av bølingen veit korleis ein opnar ei utstilling. Med musikk dikt og rein sjarme mante dei fram latterskrik og gledestårar om kvarandre hjå eit engasjert publikum. Utstillinga som er eit samarbeid mellom Voss Kunstlag og Vossa Jazz består av nyare verk av Laurie Grundt (årets plakatkunstnar) Olav Herman Hansen Elsebeth Rahlff Egil Røed Ragnhild Gram-Knutsen Per Kleiva Ingvald Holmefjord Oddvar Torsheim og Nils Bolstad og er absolutt verdt ein tur i det flunkande nye kulturhuset. Kanskje har Oddvar Torsheim rett i at kunstnergruppa “ikkje vert høgare og mørkare med åra” men kven treng vera høge og mørke med slik vitalitet og sjarme?

 

Utstillinga er ope kl. 12-19 under Vossa Jazz.

Del gjerne!