Groove i kinoen

Molvær vitja Vossa Jazz laurdag kveld og med seg i Gamlekinoen hadde han ei solid gruppe musikarar – Geir Sundstøl, Jo Berger Myhre og Erland Dahlen. Saman gav dei ut Buoyancy hausten 2016. Det var ein fullsett sal som var på ei kraftfullt vitjing i Molvær si storslåtte elektronisk verd. I fleire parti groova det skikkeleg og publikum kunne nøgd fortsette turen vidare i jazznatta.