Groov i Osasalen

Med stor speleglede og godt humør frå Håvard Stubø Quartet som raskt spreidde seg til eit entusiastisk publikum blei det ein groovy atmosfære laurdags ettermiddag i Osasalen. Me fekk servert låtar frå blant anna deira siste album ”Way up (Way down)” der alle musikarane fekk visa fram solide enkeltprestasjonar og eit gneistrande samspel. Trommesoloane til Håkon Mjåset Johansen var av spesielt høg kvalitet og framkalla jubelrop og kraftig applaus. Alt i alt ei solid gjennomføring av Håvard Stubø og hans kvartett i Osasalen.