Gripande på Sævelid

eitbarn_-2

Det var eit sterkt lag som tok føre seg Signe Seim sin lyrikk. Liv Bernhoft Osa er velkjend som ein framifrå formidlar av både scenekunst litteratur og musikk og hennar framføring av dikta løfta dei verkeleg fram i lyset i dag. Signe Seim sine dikt fortel ei historie om ei lita jente som opplever å mista nokon ho står nær og korleis ho handterer sorga og livet vidare. Me får teikna eit tydeleg bilete av eit barn som må gå dei eksistensielle spørsmåla i livet i møte – på eit litt for tidleg tidspunkt i livet. Og Bernhoft Osa formidla kvart ord med ei klar forståing for bodskapen i dikta. Og for å formidla denne forteljinga hadde Bernhoft Osa med seg saksofonisten Tore Brunborg og bassisten Mats Eilertsen – som fullførte forteljinga på meisterleg vis.

Det var ikkje vanskeleg å høyra dikta attgjevne i musikken og Brunborg og Eilertsen skal ha stor del av æra for at det som står mellom linjene i Seim si dikting stod klart og tydeleg fram for tilhøyrarane i stova på Sævelid. Og når Signe Seim i eigen person tok på seg å lesa det siste diktet – som mellom anna handlar om at den vesle jenta finn si beste venninne i ei rennande elv – så var det vanskeleg å ikkje få assosiasjonar til tingingsverket Mats Eilertsen framførde i Vossasalen i går kveld – der den mytiske elva Rubicon var eit heilt sentralt element. Og med Mari Slåttelid sine illustrasjonar av forteljinga som kulisse for det heile vart det eit sterkt og gripande møte med ein av Voss sine største lyrikarar.

Ved å invitera bygdefolket inn i stova på Sævelid ta med seg dei to eminente musikarane og hovudpersonen Signe Seim sjølv så klarte Bernhoft Osa å få tilhøyrarane til å landa midt i ei forteljing me alle kan kjenna oss att i.

Del gjerne!