Grand General til Vossa Jazz

Etter å ha spelt fleire sensasjonelle konsertar som Kenneth Kapstad Group har dette bandet no funne eit meir passande namn og gitt ut sitt debutalbum på eit veldig passande selskap kred-labelen Rune Grammofon.

Med fiolinist og Spellemannvinner Ola Kvernberg med på laget er det vanskeleg å koma utanom Mahavishnu Orchestra for å skildra denne musikken – samspelet mellom solistane er superb og med denne rytmeseksjonen leia av Motorpsycho-trommis Kapstad kan det ikkje gå gale. Med slike musikarar får ein aldri kjensla av at dei spelar for å visa frem sine instrumentale ferdigheiter (sjølv om det skal godt gjerast å ikkje leggja merke til det!) men for å tena den gode musikken. Aviser i inn- og utland overgår kvarandre med kritikkar – Adresseavisa trilla seksaren på terningen med følgjande sitat: “Grand General brøler som en stor og sint men velsmurt maskin.”

Even Helte Hermansen – gitar
Ola Kvernberg – fiolin
Erlend Slettevoll – keyboard
Trond Frønes – bass
Kenneth Kapstad – trommer
Ketil Nicolaysen – lyd

http://kennethkapstad.no/?portfolio=grand-general-grand-general

Vossasalen fredag kl. 00:30. Kjøp huskort dagskort eller festivalpass her.