Grammy-nominerte DEBASHISH BHATTACHARYA opnar Vossa Jazz 2009!

Den indiske slidegitaristen Debashish Bhattacharya er det store nye namnet på den internasjonale gitarhimmelen om dagen. Nyleg vart han Grammy-nominert for beste verdsmusikk-album med “Calcutta Chronicles: Indian Slide Guitar Odyssey”.

Gitarspelet hans kan samanliknast med korleis Ry Cooder spelte på filmmusikken til «Paris Texas» men med klåre indiske element. Han er eit teknisk unikum og gjer dei utrulegaste tekniske finessar på slidegitaren. Han har hausta topp kritikkar i m.a. britiske Songlines The Guardian Evening Standards og Financial Times. Ein konsert med Debashish Bhattacharya er alltid ei fascinerande oppleving så det vert ei stund fylt med indisk varme sterke lukter fargar teknisk briljanse glede og meditasjon. Konserten som finn stad i Vossasalen på Park fredag 3. april kl. 19:00 har fått namnet ”O Shakuntala” og er ei hylling til kjærleiken.

Medmusikarar:
Subhasis Bhattacharya – tabla
Chitrangana Reshwal – pakhawaj
Charu Hariharan – mridangam ganjira

Med venleg helsing
Trude Storheim
Dagleg leiar Vossa Jazz