Gorillahjernar og bluselause biblotekarar

Det haldast ikkje tilbake på noko når festivalforfattar Bjørn Sortland kjem til bygda. Til ellevill begeistring for smårollingar og vaksne fortel han om kva som kan skje når det er gorillahjerne som er til hovudrett. Naseblod, zombiar og humoristiske historier om bluselause biblotekarar er berre noko av det Sortland tøyser om. Samtidig fletter han inn nokre av dei store spørsmåla om liv, etikk, moral, og kva som er dei beste metodane for å sjekke opp jenter. Me gler oss til å sjå meir på Falturiltufestivalen!

Hugs å få med deg “Det musikalske huset” søndag kl 13:00 i Vossasalen!

Del gjerne!