Good times i Pentagon

Leia av ein energirik og sprudlande Arle Hjelmeland, var det klart for at Good Time Charlie skulle avslutta laurdagskvelden på Park. Stemninga var allereie i taket og dansefoten sat laust etter strålande konsertar frå Rohey, Dinamitri og HP Gundersen & Last Hurrah tidlegare på kvelden.

Hjelmeland har med seg Steinar Karlsen på gitar, Morten Skage på basse og Einar Olsson på trommer. Og dei leverte blues, r&b, jump og rock ‘n’ roll som sikra ein underhaldande og fartsfylt avslutning på kvelden. Good times i Pentagon!