Good bait – good mood!

Tidleg på laurdagskvelden var det unge artistar som skapa stemning på Tre Brør Café. Olav Slagvold Are Rosseland Aleksander Lyng Gifstad og Marius Klovning er alle studentar frå Jazzlinja ved NTNU i Trondheim og saman dannar dei Good Bait. Trygt omringa av Vidar Herre sine bilete av tidligare artistar leverte dei melodisk instrumentaljazz. Dette er fire karar me gjerne ynskjer velkomne tilbake ved seinare høve og då treng dei kanskje ei større scene.