Godt resultat for Vossa Jazz 2008

pressekonferanse08

Styret i Vossa Jazz har på siste styremøte vedteke rekneskapen for 2008. Den syner eit overskot på 569 000 slik at ein no har snudd den negative eigenkapitalen til 247 000 i pluss. Vossa Jazz treng framleis lånet på 700 000 som Vekselbanken gav i samband med rednings-aksjonen for tre år sidan men er no komne i ein posisjon der vissa om at ein kan satse vidare og kan starte nedbetaling av lånet er til stades.
Den viktigaste årsaka til det gode resultatet er at programmet har slått til. Med samla inntekter på 4 7 mill. kr. er det særs gledeleg å sjå at billettinntektene vart nesten ein halv million kr. høgare i 2008 samanlikna med 2007. På inntektssida har det elles vore ein liten auke i sponsormidlar og prosjekttilskot. Her må særskilt nemnast hovudsponsoren Vossa Jazz-lauget som består av 24 lokale verksemder. Denne lokale satsinga viser seg uvurderleg når andre og større verksemder og ikkje minst dei offentlege støttespelarane skal vurdere Vossa Jazz.
”Kostnadssida er òg viktig og har vore under god kontroll. Dette takka vere den store innsatsen som frivillige legg ned i samband med festivalen og det gode opplegget som dei tilsette og Festivalrådet har for gjennomføringa” seier styreleiar Magne Kalstad.
Denne gode trenden gjev grunnlag for å ta den kunstnarlege satsinga eit steg vidare med eit svært godt og variert program for 2009. Vossa Jazz er ein nyskapande festival og har i år fire nye produksjonar: Tingingsverket med Solveig Slettahjell Ekstremjazz under leiinga av Jon Balke tingingsverk til Badnjazz ”Fargespill – fleire fargar på Voss” og Ab und Zu med Bergen Big Band. Med 44 konsertar ti tilskipingar for born og unge ni gratistilskipingar 325 artistar og over 250 medarbeidarar som dreg det heile i land er det klart for nok ei fantastisk palmehelg på Voss.

Del gjerne!