Gnistrande spelemannsmagi

sidsel__endresen__stian_westerhus_2012_1

Samspelet stjernemusikantane Endresen og Westerhus i mellom slik det utspelte seg i Festsalen på Park laurdag kveld var av det særeigne slaget. Berre det at dei to i det heile har funne saman kan verka som eit iaugefallande paradoks. For der den eine berre spelar på det akustiske gjennom uskjemd og rein vokal er den andre heilelektrisk.

Likevel viser det seg altså fort at dei stemningane og lydromma som Westerhus byggjer opp med sitt utradisjonelle gitarspel fungerer som utmerka stader for Endresen sine stemmeimprovisasjonar. Saman skapar dei melodiar utan liknande sidestykke og nektar å la seg binda av verken språk spel eller songtradisjonelle reglar. Medan Westerhus sin gitarkunst durar så det ljomar endåtil i dei gamle brannalarmane i konsertrommet sit Endresen i ro og let songen strøyma gjennom henne nærast som eit medium for ei slags musikken si urkraft. Endå så eksperimenterande som det er og så ekstremt som det kan verta provar Endresen og Westerhus at venleiken også kan finnast på stader der ein minst ventar det.

Del gjerne!