Gneista ljosar framleis under stjernone

Under stjernone (Foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem)
Under stjernone (Foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem)

Fjorten år etter urframføringa av Hauge-framsyninga Under stjernone, var det fullsett under himlinga, skyene og englane i Vangskyrkja. «Her har eg budd meir enn ein mannsalder», las Hildegunn Riise – og med eitt var vi teke tilbake til 2004, til 1974, til 1954, til 1934, til Ulvik og eplegarden til diktaren Olav H. Hauge.

Under stjernone er sett saman av utdrag frå Hauge sine dikt og dagbøker. Det litterære universet krinsar kring fjordar og fjell, vatn og fall, skyer og stormande vind. Sjukdomen til Hauge lurar stadig mellom linjene. Under stjernone i Hardanger er det likevel plass til det kvardagslege: Ein katt. Eit besøk hjå tannlækjaren. Eit par grøne solbriller.

Det er lågmælt, og likevel bevegande mektig. Det er ikkje berre fordi det kveldast for årets Vossa Jazz at tårene piplar når Riise, med den mjuke røysta si akkompagnerast av landets finaste jazzmusikarar: I natt skal graset verte grønt.

Del gjerne!