Glitrande improvisasjon – dystre riff

Hedvig Mollestad Trio Foto: Vossa Jazz/Iver R. Finne
Hedvig Mollestad Trio Foto: Vossa Jazz/Iver R. Finne

Det var lett å la seg lure av den glitrande kjolen til Hedvig Mollestad når ho entra scenen natt til Sundag. Men frå fyrste sjokkbølge frå forsterkarveggen til Mollestad var det liten tvil om at dette skulle verta blant dei heftigaste konsertane på årets VossaJazz. Med god hjelp frå Trond Frønes og Ivar Loe Bjørnstad på bass og trommer, var referansane til Hendrix, Black Sabbath og nyare norsk progjazz heilt riktige.

Frontfiguren sin improvisasjon er lyrisk og svært melodisk, og gir klare assosiasjonar til sjølvaste Terje Rypdal – på ein god dag. I eit stappfullt og gjennomsveitt Cafe Stationen viste Hedvig Mollestad Trio seg ryktet sitt verdig, og litt til.

Del gjerne!