Glimrande Dos Santos

Foto: Vossa Jazz/Amalie Johannessen
Foto: Vossa Jazz/Amalie Johannessen

I ein fullstappa sal tok Charlotte Dos Santos heile rommet med den delikate og sjelfulle røysta si. Det var heilt tydeleg at alle på scena kosa seg, og publikum vugga att og fram i melodiane, nøgd som berre det.

Dos Santos sine leikande tonar og musikarane sin presisjon var ein fryd for øyra. Dei klokkeklare tonane og den trillande improvisasjonen gjorde det heila uhaldbart innbydande. Mot slutten av konserten gav ho oss nett det me lengta etter med låta “Red Clay”. Dette er ein artist me utan tvil kjem til å høyra mykje frå i lang tid framover.

Del gjerne!