Gjensyn og nyskaping på programmet

Gjensyn og nyskaping på programmet for Vossa JazzEtter forsmakar på programmet i Vossa Jazz sin årvisse jolakalender ligg no heile programmet klart. Festivalen vert sparka i gang av Arne Hjeltnes og Grammy-nominerte Debashish Bhattacharya. «Spennande konstellasjonar og komande stjerner er viktig del av profilen vår. Vossa Jazz 2009 har eit knallsterkt og internasjonalt program med jazz og folkemusikk i verdsklasse» seier dagleg leiar Trude Storheim. Brasilianske Silvana Malta kinesiske Wu Fei og finske Värttinä er med på å understreka dette. Årets tingingsverkkomponist er Solveig Slettahjell som har med seg Slow Motion-prosjektet sitt. Vossa Jazz tek igjen sikte på å vera nyskapande Ab und Zu og Bergen Big Band er eit av fire nye produksjonar. Det vert gjensyn med Misha Alperin på Fraktgodsen der andre godbitar er Emile Parisien Quartet og Andy Emler MegaOctet. Norsk musikk er godt representert med to Spellemannsprisvinnarar Real Ones og Helge Lien Trio. Jon Balkes Batagraf utfører Ekstremjazz på Vangsvatnet og jodle-/trekkspel-duoen Polkabjørn og Kleine Heine tek folk med til Hanguren. Viktige satsingar dei siste åra har vore på born og unge; UNGjaJAZZja og Badnajazz. Sistnemnde har sitt eige tingingsverk: «Fargespill – fleire fargar på Voss» med Ole Hamre Sissel Saue Hilde Sol Erdal og born frå ulike land som samlast til fargerikt samspel.