Gitarmagi på Fleischer’s

img_7745

I programmet var han omtala som ein av Noreg sine beste artistar me som var på Fleischer’s laurdagskveld fekk oppleva kvifor. Med to gitarar og ein stompbox fanga Bjørn Berge eit fascinert publikum frå første augeblink. I tillegg til spreke låtar baud også Berge på eit kurs i korleis ein skulle spela gitar: Alt som er naudsynt er tre hjernar – og ein gitar sjølvsagt! Etter dette er det i følgje meistaren berre til å øva. Og det har Bjørn Berge heilt klart gjort for denne konserten var det trøkk i. Berge oppnådde utan tvil det han sette som mål; at publikum hadde det kjekt. 

Del gjerne!