Generalforsamling

Måndag 30. mai kl. 19:00 vert det halde generalforsamling hjå Vossa Jazz, på Hålandshuset (Vangsgata 28).

På generalforsamlinga kan desse møta med 1 stemme kvar:
– Medlemmer av Vossa Jazz som har betalt medlemskontingent innan to veker før generalforsamlinga.
– Innehavarar av formelle verv i organisasjonen i løpet av dei siste 2 åra.
– Medarbeidarar på Vossa Jazz dei siste 2 åra.

Evt. innkomne saker må vere styret i hende seinast 16. mai.