Fy FIEH, for ein fredag!

FIEH (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen)
FIEH (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen)

Det var eit forfriskande syn å sjå dei åtte medlemmane i FIEH leike seg på scenen utover fredagsnatta. Frontfigur Sofie Tollefsbøl sin vokal er som balsam for sjela og ho syner seg som ein solid soul-vokalist. Med eit lytelaust humør kunne ein ikkje anna enn å fryde seg over den neste timen.

Låtane er imponerande groovy, med fengane basslinjer og slagverk det er lett å gynge med til. Publikum let seg velviljug rive med og diggar det frå fyrste sekund. Dei to kor-vokalistane, Thea Arnesdotter Lien og Solveig Wang, som òg briljerte på keys og klarinett, og Tollefsbøl har koreograferte danserøyrsler til songane og energien deira smittar. Saman med trommeslagar Ola Øverby, bassist Andreas Rukan, gitarist Jørgen Kasbo og Edvard Synnes på tangentar gav FIEH Vossa Jazz ein knakande god fredagsavslutning.

Del gjerne!