Futuristiske lydbølgjer slår over Gamlekinoen. Ut frå skodda høyrer ein tåkeluren sine åtvarande tonar, i form av Sjur Miljeteig sin såre trompet. Scenerommet er stramt, stålgrått og nake. Ut av det grå stig Aig, eit menneske omslutta av det umenneskelege. Verda i år 2480 er digital, dysfunksjonell og dyster, men arbeidaren Aig, nydeleg tolka av Ane Dahl Torp, viser publikum augneblinkar fylde av draumande håp. Teksten hoppar i tid og stad, endrar karakter, og med sin nynorsk-engelsk-nederlandske hybrid leikar språket seg bada i eit elektronisk, science-fictionlada lydteppe. Konserten er som å sjå eit science-fiction høyrespel live – ein futuristisk symbiose av lyd, rørsle og stemme. Solaris er rett og slett scenekunst heilt utanom det vanlege.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.