Funky som f.. i Vossasalen!

bfe_group_blue

Det etterkvart vidkjente publikumsfavorittbandet Brooklyn Funk Essentials (BFE) kjem til Voss i samband med Europa-turne og ny plate. Dei feirar 15 år med drivande konsertverksemd for haugevis med begeistra lyttarar og kjem samstundes ut med nytt studioalbum «Watcha playin'». Plata er den fjerde ordinære utgjevinga frå den New York-baserte gruppa med utspring i den hiphop-påverka jazzscena tidleg på 90-talet. «Watcha playin» er eit utførleg stykke lydparadis med mesterleg arring og spenstige melodiar. Mesteparten av materialet vart testa ut på gjenforeiningsturneen deira i 2007 og spelt inn i New York Paris Amsterdam Istanbul og Stockholm noko som har gjeve plata eit urbant preg. Kva kunne passa betre på Voss enn dette? Etter suksessen på Nattjazz i fjor kan dette berre bli kanonbra!

Del gjerne!