Funkjazzfusion frå formative år

Kåre Kolve (foto: Vossa Jazz/Odin Drønen)
Kåre Kolve (foto: Vossa Jazz/Odin Drønen)

– Lat meg teikna opp et lite tidsbilete for dykk, seier Kåre Kolve frå scena. Sjå for deg at du sit på Grandane ein kveld med ei kassa pils og kjenner sommarvinden blåsa over Vangsvatnet.

Jazzscenen i Pentagon var smekkfull laurdag kveld av glade 20-åringar frå 80-talet. I dag er denne gjengen i starten av 60-åra og det var dei som dreiv festen då Ivar Kolve og stjernelaget hans spelte eigne funkjazzlåtar inspirert av si eiga ungdomstid.

Torstein Lofthus som jo er ein av Noregs beste trommeslagarar, hadde ein tydeleg fanskare i publikumet laurdag kveld. Sjølv om han kanskje er mest kjend for si trommegjerning i Elephant9 og Shining, viste han tydeleg at breidden blant norske jazzmusikarar er stor.

Kolve og stjernelaget hans er i gang med plateinnspeling av nytt, originalt materiale, men konserten laurdags kveld var altså live-debuten på Vossa Jazz. Så då er det snart mogleg å ta med seg den komande plata i skibakken, eller ut på Grandane ein sommardag og gjenoppleva denne musikalske hyllesten til 80-talet.

Del gjerne!